Medlemsinformasjon

Medlemsinformasjon

Kjære medlem!

Det er med stor glede at vi får opne senteret igjen 15 juni!


I mellomtida er det viktig å fortelje alle våre medlemmer at vi set enorm pris på den støtta vi har mottatt, i form av gode ord. Ikkje minst vil vi takke alle som har late trekket gå som normalt i påvente av at senteret opnar igjen.

Vi har mottatt kontantstøtte for dei faste kostnadane, men denne dekkjer svært lite av våre utgifter, noko som gjer at alt av støtte vi mottar, gir oss sjanse til å komme oss gjennom nedstenginga og ta imot alle når vi får klarsignal frå myndigheitene.

Vi forstår at du lurer på kva som skjer med ditt medlemskap frå vi blei stengt den 12.mars og månadane framover. Ved å la trekket gå som normalt, vil du få lagt til treningsperioden vi har halde stengt til ditt medlemskap. Skulle du ynskje å la trekket gå som normalt, set vi stor pris på di støtte.

Skulle du ynskje alternative løysingar, håpar vi at du vel eitt av alternativa nedanfor:

Val 1:
Gi bort tilsvarande periode vi held stengt, til venn/familie. Vel du dette alternativet, får du eit gåvekort på dette i resepsjonen når vi opnar igjen. Gåvekortet kan brukast fram til 31. juni 2021.

Val 2:
Gåvekort.
Få eit gåvekort som kan brukast på kroppsanalyse, Personleg Trenar, eller varer i shopen (ikkje medlemskap). Gåvekortets verdi er kr. 400,- per månad. Verdien på gåvekortet vil auke i perioden vi heldt stengt. Gåvekortet kan hentast i resepsjonen når vi opnar igjen. Gåvekortet kan brukast fram til 31. juni 2021.

Val 3:
Fri trening tilsvarande periode for stengde lokale.
Vel du dette alternativet, kan du velje deg ut ein periode du kan få fri treningstid tilsvarande den perioden som vi heldt stengt. Fri-perioden må nyttast innan 31.juni 2021.

Husk å bekrefte ditt val innan 10. mai, slik at vi får registrert og utført ditt val riktig i vårt system.

Her kan du bekrefte ditt val, så sørge vi for resten:

____________________

REGISTRER DITT VAL HER

____________________

Vi startar med gruppetimar ute, MED utstyr.

Myndigheitene git oss muligheit til å starte med gruppetimar opp til 50 deltakarar.

Frå og med neste veke aukar vi antall deltakarar på timane, slik at flest muleg får plass.

Du kan enkelt booke time via vår app eller vår heimeside. Les meir om utetrening i link nedanfor.

GRATIS online-trening i samarbeid med FortGjort og LesMills

Dette har vore eit godt tilbod, og vi har glede av å informere om at våre leverandørar har videreført denne tenesta for oss også for juni månad.

Samarbeidet med FortGjort og LesMills gir deg som medlem i Spenst ein unik GRATIS tilgang til over 800 treningsøkter. Fram til 1. juli kan du trene GRATIS gjennom ditt medlemskap i Spenst.

Du kan enkelt komme i gong ved å trykke på lenkene nedanfor til LesMills og FortGjort.

GRATIS online-trening med våre eigne instruktørar!

FOR DEG – NÅR DU VIL – KOR DU VIL. På «Min Side» finn du no heile 20 program - timar med våre eigne instruktørar. Du kan velje mellom Styrke, Yoga, Zumba, CrossFit m.m. Logg inn på «Min Side» eller hent nytt passord via link nedanfor.

Få tilgong til GRATIS treningsprogram i MyWellness app

Nye program kvar dag som du kan utføre heime. Du kan også koble til fitbit, strava, polar etc og samle all treningsinformasjon på ein plass. Du kan også bruke utetrening via GPS i appen. Har du MyWellness-appen treng du ikkje opprette ny brukar, men berre opne appen. Om du ikkje har appen frå før, kan du opprette brukar i linken nedanfor.

Desse tilboda, samt utetimar, er kun for aktive medlemmar.

Linker til Min Side, LesMills, FortGjort og MyWellness: 

Abonnementa med FortGjort og LesMills vil bli automatisk avslutta 1. juli av Spenst.

Vi vil halde deg oppdatert via våre sosiale medium og heimesida vår. Følg oss gjerne på Instagram @spenstforde og på Facebook.

For spørsmål, ta kontakt med oss på mail: post@spenstforde.no

Tusen takk for at du vil vere med oss.

Helsing alle oss i
Team Spenst Førde



<< Tilbake
Spenst Førde
Hafstadvegen 36
6800 Førde
Tlf. 57 72 01 21
E-post post@spenstforde.no

Levert av Spectra AS - Powered by Webon Personvern